«Elisabeth» på Gladmat-festivalen i Stavanger

10. august 2011

I juli var me i Stavanger under Gladmatfestivalen. Mykje folk og mykje god mat. Mange tok turen ombord i «Elisabeth», og fekk smaka på det me hadde å by på.

Lars Magne fekk spørsmål om det var mulig å delta på Gladmaten med MS Elisabeth fordi temaet i år var “Sjømat”. Båten låg inni Vågen og var open for publikum i to dager. Det var dermed anledning for alle til å komma om bord å sjå og få innblikk i korleis ein ringnotbåt fungerer. Det gjekk ein fiskerifilm i messa. Bak på hekken blei det servert fiskesuppe, og ein kunne settje seg og ta ein drøs for dei som ville det.

Det var godt over 1000 besøkjande dei to dagane.

Været var nydelig, og me hadde ein veldig positiv opplevelse av å delta på denne mat-festivalen! Me stilte mannsterkt og hadde med oss både store og små i familien. Alle tok sin tørn med å laga mat, servera og guida på båten. Me hadde og med oss Matjes AS frå Egersund som serverte matjesild. Dette var flotte dagar i Stavanger!

Eidesvik Havfiske AS

Eidesvikvegen 63
5443 Bømlo

Tlf. 53 44 78 00

Ei Wordpress-løysing frå Byrået Sydvest
closebarsangle-down