Bøtekurs!

24. januar 2019

Marint Kompetansesenter arrangerte bøtekurs i Hovlandshagen denne veka.

Kurset som varte frå tirsdag til torsdag, var fullbooka! Det såg ut som dei 13 deltakarane hadde det kjekt, og at alle meir eller mindre hadde noko å lære. Det var også et par tilreisande deltakarar frå Austevoll og Ryfylke. Dagane starta kl 8 og slutta kl 16.30, og det vart servert god mat innimellom. Det som blei gjennomgått var spleising av tau, wire, spectra, og laging av masker i not/trål. Forutan Marint Kompetansesenter sin kursledar Helge Havnen, var Svein Eide og Svein Atle Lønning med som medhjelparar. Dei er begge lokale fiskerar som har lang tids erfaring med trålarbeid. Bakgrunnen for deltakarane var ulik; det var alt frå ansatte i oppdrettsvirksomhet til både fiskerar innen not og trål, til lakse slakteri. På sin måte har dei alle til tider behov for å kunne fikse på nøter, og å spleise tau og wire.

Takk til Marint Kompetansesenter for flott initiativ !

Eidesvik Havfiske AS

Eidesvikvegen 63
5443 Bømlo

Tlf. 53 44 78 00

Ei Wordpress-løysing frå Byrået Sydvest
closebarsangle-down