Omvisning på Espevær Laks

21. januar 2016

Denne veka var ein del av våre ansatte på omvisning på Espevær Laks. Det var vår eigen laks som vart slakta her denne dagen. Me vart tatt vel imot av kvalitetssjef Kari Haugstad, og me fekk sjå kva som skjer med laksen frå den vert mottatt til den vert sett på trailer, for så og verte transportert til kjøpers marked og middagstallerkner rundt omkring i verda.

Espevær Laks vart bygd i 2001 i Hovlandshagen på Bømlo, og det er Arnstein Brekke som er dagleg leiar. Me har ein eigarpost på 33 % i denne bedrifta, og er veldig tilfreds med at me også her i utkanten kan skape arbeidsplasser innan sjømatproduksjon. Delar av slakteriet er blitt oppgradert i løpet av dei siste åra. Dette er gjort både av hensyn til alder på utstyr, men også for å få til ei meir modernisering og effektivisering av drifta. Fisken får dermed også ei kvalitetssikra håndtering, og det er viktig ovenfor kundane at vara vert tatt hånd om på best mogleg måte.

Denne bedrifta har om lag 30 ansatte der 20 er tilsette i produksjonen. Slakteriet har ein kapasitet på 100 tonn sløyd fisk ved ordinært dagskift. Årleg vert det slakta omkring 15 000 tonn sløyd fisk på Espevær Laks. Hovedsakleg er det laks som vert tatt imot, men også ørret vert slakta her. Hordaland og Rogaland er regionane det vert slakta mest for. Fisken vert i hovedsak pakka fersk og nedkjølt i kassar, men den vert også solgt i frossen tilstand til enkelte kundar. Frå Hovlandshagen vert laksen frakta til kundar rundt om i verda - både til Asia og land som Spania og Frankrike. Mesteparten vert altså eksportert ut av landet, men ein del vert også solgt her i Norge. Det tar eksempelvis om lag 2-3 dagar å transportere denne ferska vara med trailer frå Bømlo til kundar sør i Frankrike. Fisken vert i hovedsak frakta til mottaker med større kjøretøy, medan om lag 25 % av den vert transportert med fly.

Me takkar for ei interessant og lærerik omvisning!

Her er nokre bilder frå omvisninga:

Espevær Laks 4              Espevær Laks 1              Espevær Laks 3

 

 

 

 

 

Eidesvik Havfiske AS

Eidesvikvegen 63
5443 Bømlo

Tlf. 53 44 78 00

Ei Wordpress-løysing frå Byrået Sydvest
closebarsangle-down